About the event
Nokon kjem til å kome – ei musikkdramatisk tolking av Jon Fosse 24. Februar 2026 kl. 19.30 Eit av dei mest gåtefulle og urolege stykka i norsk dramatikk blir no presentert i ei ny, musikkdramatisk form. Nokon kjem til å kome av Jon Fosse, med musikk av Knut Vaage og regi av Bruno Berger-Gorski, vert ei rå og nærgåande oppleving – tett på kropp, stemme og stillheit. To menneske trekkjer seg tilbake til eit hus ved havet. Dei vil vere åleine. Men i det stille byrjar noko å dirre. Kva om nokon kjem? Gjennom Fosses poetiske og ladde språk, og Vaages ekspressive, djuptgripande musikk, vert publikum dratt inn i ei uro som ikkje slepp taket. Ei framsyning som luktar av sjø og isolasjon, av lengsel, makt og mørke. Medverkande: Ho – Marianne Folkestad Jahren Han – Halvor F. Melien Mannen – Magnus Staveland Kunstnarleg lag: Regi – Bruno Berger-Gorski Musikk – Knut Vaage Scenografi – Alice Sturt Dirigent – Bjarte Engeset Produsent – Birgitte Njå Framsyninga er støtta av Norsk kulturråd, Stavanger kommune, Bergesenstiftelsen, den Østerrike ambassaden i Oslo og Rogaland fylkeskommune. Samarbeid med Opera til folket og Musiktheater Wien
